Småbarnssong UTSETT til etter nyttår


Alle 3 åringar i Sandeid, Vikedal og Imsland som har lyst til å syngje, leike, danse og spele rytmeinstrument - kom og bli med på småbarnssong!

For Sandeid er samlingane i haust på Sandeid bedehus.

For Vikedal og Imsland er samlingane i vinter på Vikedal bedehus. PÅMELDING HER

 

[BILDETEKST]

Småbarnssong er trusopplæring for dei som er født i 2017 i Sandeid, Vikedal og Imsland. Invitasjon er sendt til alle me har i listene våre. Alle skal få vere med på  5 samlingar. Me må dele borna i mindre grupper dette året mtp. smittesituasjonen. Born som er i same avdeling i barnehagen kan vere på same gruppe. Alle har med seg ein vaksen. Har ikkje 3 åringen din fått invitasjon så kan de kome likevel. Husk å melde på i forkant!

På samlingane skal me leike oss med song, dans og spele på rytmeinstrument. Me skal syngje og høyre kjente og ukjente songar.

Dette året får borna samlast i ein ring på golvet medan dei vaksne sit på stolar langs veggen og ser på.

Her er oppsett på kor og når dei ulike samlingane er:

Avdelinga Hovda: På Sandeid bedehus tysdagar: 3.11., 10.11., 17.11., 24.11., 1.12.

Avdelinga Øktaren: På Sandeid bedehus torsdagar:  5.11., 12.11., 19.11., 26.11., 3.12.

3 åringane i Vikedal og Imsland har oppstart på nyåret. Samlingane skal då vere på bedehuset i Vikedal. Meir info kjem når datoar er klare. Dei skal få invitasjon når det nærmer seg.

Småbarnssong kostar 150,- kr. Det er muleg å be om betalingsfritak. Sjå meir info her på kyrkja si nettside

Tilbake