Korte nattverdgudstenester i Ølen


Søndag 21. febr er det mogeleg å ta del i nattverden i Ølen kyrkje

 

[BILDETEKST]

Det er framleis ikkje lov å samla meir enn 10 til offentelege arrangement. På søndag blir det to korte nattverdgudstenester i Ølen kl. 11.00 og kl. 11.30. Fordi det er sterkt avgrensa plassar - 10 per gong - er det nødvendig med påmelding: tlf. 47253529 eller kari.vik.stuhaug@vindafjord.kommune.no 

Det blir halde eigne dåpsgudstenester med inntil 10 besøkande.

Det er lov å samla inntil 50 ved gravferder. Det er framleis krav at det skal vera min. to meter mellom personar som ikkje er i same husstand ved salmesong. Det medfører at det ikkje alltid blir plass til 50 i dei minste kyrkjene våre. Kyrkja legg difor opp til å samarbeida med familien om plassering av dei gjestene familien vil invitera.

Tilbake