Konsert Sveinung Bjelland og Mannskap 21. okt.


Velkommen til fleire konsertar, temakveld og kulturarrangement i regi av Ølen og Bjoa sokneråd framover!

 

[BILDETEKST]

Økland Foto

"Reisa heim" - temakveld med Egil Svartdal
Onsdag 20. oktober kl 19.00 - Ølen kyrkje

Deretter blir det 6 kurskveldar på Kyrkjetunet.  Sjå meir info her Samarbeid mellom Kyrkjetunet og soknerådet.

 

Sveinung Bjelland med mannskap
Torsdag 21 oktober kl. 19.00 - Ølen kyrkje

Etter salmedugnaden for kyrkja i Vindafjord under pandemien har me fått fleire henvendelsar om å arrangere ein live kyrkjekonsert med Bjelland og mannskap. Repertoaret spenner frå Bjelland sine eigne songar, salmar og bluegras. Med sjølvaste Dagny Christophersen på laget, vil også ho ha nokre soloinnslag.

Dei som er med er:
Sveinung Bjelland - Vokal og gitar
Dagny Christophersen - Vokal 
Jon Ørnes - Banjo, Dobro, Gitar
Arnt Ove Kvernenes - Munnspel
Anders Lunde - Kontrabass

Billett kr 200 ved inngang

 

Rytme og urytme i livet - keramisk kunst, utstilling og arrangement
Keramisk Kunsthandverk – Karoline Emmerhoff - les meir her

 

Jubileumskonsert fredag 29. oktober kl 19.00  i Bjoa kyrkje - 126 år

Der får me høyra Vindafjord Soul Children, Thomas Alvseike (saxofon), Trond Ponce (song og gitar), Juri Kotkovitch (orgel). Liv Kari Bødtker fortel om kyrkja.  Konserten var annonsert i fjor haust, i samband med at Bjoa kyrkje då var 125 år, men gjekk i vasken pga. pandemien.

Gratis inngang. Kollekt til dåpsfat og dåpskanne i sølv.

Det blir også jubileumsgudsteneste i Bjoa kyrkje 31. oktober der Prost Rune Steensæs Engedal deltek og tre barn skal døypast.

 

 

Tilbake