Gravferd i kyrkja


Gravferda skal skje innan to veker rekna frå dødsdagen. Alle har rett til å bli gravlagde på den kyrkjegarden dei soknar til, same kva trussamfunn dei høyrde til. Mange pårørande let eit gravferdsbyrå stå for noko av det som må gjerast før gravferda.

Prestane i Vindafjord har ansvar for gravferder i heile kommunen i kvar sine veker. Presten vil gjerne tidleg få kontakt med pårørande, for å vera med i planlegginga av gravferda.

Gravferda er ei kyrkjeleg handling med gudstenestleg karakter. Det vil alltid vera lesing frå Bibelen, bøn, minneord, andakt og salmesong. Pårørande og presten samarbeider om utforminga av seremonien.

Jordpåkasting skjer normalt ute på kyrkjegarden. Dersom det skal vera kremasjon, kan jordpåkastinga skje inne i kyrkja.

Den som er medlem i Den norske kyrkja har rett på prest, organist, kyrkjetenar og bruk av kyrkja til gravferdshandlinga utan betaling. Ved gravferd for ikkje-medlemmer og avdøde frå andre kommunar kan det komma rekning for tenesta.

Kyrkjeverja i Vindafjord (5365 5793) har oversikt over kyrkjegardane i kommunen.

Tilbake