Konfirmasjon i Vindafjord
OBS:
Frå 2024 går kyrkjelydane i Skjold, Vats og Vikebygd tilbake til VÅRKONFIRMASJON!
Det blir då konfirmasjondatoar som fylgjer:
SKJOLD - siste helga i april, laurdagen
VIKEBYGD - siste helga i april, søndagen
VATS - første helga i mai, laurdagen
Meir detaljert info om konfirmantararbeidet i 2024 kjem i mai.
(Under finn du informasjon som gjeld dei som skal konfirmerast i 2023 + litt generell info)
Få inspirasjon og finn ut meir på TikTok-emneknaggen #konfirmantene

Konfirmanttida er ei tid for å tenkje nye tankar. Få nye opplevingar og kanskje nye vener? Ulike tema vi skal utforske saman er: Kor kjem eg frå? Kva skal eg bruka livet til? Finst Gud? Kva skjer i ei gudsteneste - sånn eigentleg? Venskap og menneskeverd. Sorg og glede. Kjærleik, seksualitet og samliv. Miljø og rettferd. Korleis kan eg bety noko for andre? Kva skjer når me ber? Kven er Jesus?
I konfirmanttida er det tid og rom for å tenkje og stille spørsmål. Ei tid for å læra meir om Gud, den kristne trua, deg sjølv og om andre. Kyrkjelydane i Vindafjord ønskjer å gje eit godt tilbod med variert undervisning og aktivitetar. Det vil vera felles leir for alle i februar, medan modellane elles er litt ulike frå stad til stad. Sjå nedst på sida for meir informasjon for di bygd og lokal påmelding (blir lagt ut i løpet av mai).
Det blir også innskrivingssamlingar for potensielle konfirmantar og føresette med meir informasjon, i juni.
Konfirmasjonsdatoane for 2023 er sett opp slik :
Sandeid kyrkje den 30.april 2023 kl 11:00
Vikedal kyrkje den 7.mai 2023 kl 11:00,
Imsland kyrkje den 14.mai 2023 kl 11:00
Ølen kyrkje: lørdag 29. april og søndag 30. april 2023
Bjoa kyrkje: lørdag 6. mai 2023
Det er fast at konfirmasjon i Ølen er siste lørdag og søndag i april. I Bjoa er det første lørdag eller søndag i mai.
Skjold kyrkje: laurdag 26.august 2023
Vikebygd kyrkje: søndag 27.august 2023
Vats kyrkje: laurdag 2.september 2023
Generell info om konfirmasjon i Den norske kyrkja finn du også på www.konfirmant.no.
Her er nokre filmsnuttar om korleis det kan vera:
Kva er eigentleg konfirmasjon?
Konfirmantleir
Konfirmasjonsdagen
Lurer du på noko?
Spør ein prest eller kateketen.
Kontaktinfo til kateketen i Vindafjord:
Britt Karstensen
E-post: britt.karstensen@vindafjord.kommune.no
Tel. kontor: 53 65 65 42, mobil: 452 21 580