Før dåpen blir de kontakta av presten der de bur, med invitasjon til dåpssamtale. I dåpssamtalen går de gjennom dåpsliturgien, snakkar litt om dåpen si gåve og oppgåve, og om det praktiske rundt dåpshandlinga i kyrkja. De får også informasjon om Kyrkja sine tilbod om trusopplæring for barnet.
Ta kontakt med den lokale soknepresten om du lurer på noko.