Dåp i Den norske kyrkja


Den som blir døypt blir samtidig medlem i Den norske kyrkja. Det mest vanlege er å døypa i den kyrkja ein soknar til, men dåp kan skje i kva som helst kyrkje som tilhøyrer Den norske kyrkja. Til vanleg må ein melda på til dåp i den kyrkja dåpen skal skje, men du bør også kontakta kyrkjekontoret der du bur.

I heile den kristne kyrkja er dåpen det grunnleggjande sakramentet som dannar utgangspunkt for den døypte sitt liv i trua og i kyrkja. Den kristne dåpen vert praktisert på ulike måtar i ulike kyrkjer. I vår lutherske kyrkje har me barnedåp. Det er gjennom dåpen ein blir medlem av Den norske kyrkja.
Det er ein føresetnad for dåp av born at dei vert oppseda i kristen tru. Foreldra er ikkje åleine om dette ansvaret. Kyrkja har gode tilbod til borna på ulike alderssteg som me ventar at borna tek del i. Den norske kyrkja ventar at den som er medlem av kyrkja melder barnet sitt til dåp, og barnet bør, der det er mogeleg, døypast før det er tre månader gamalt. Det er likevel aldri for seint å koma til dåp!

Vil du vita meir om kyrkja sitt syn på dåpen, kan du gå til Den norske kyrkja si side om dåpen. Der finn du også liturgien for dåpshandlinga.

 

Tilbake