Før gudstenesta tek til, tek fadrar og dåpsfolk plass i kyrkja. Det er vanleg at den som ber barnet og den næraste familien går inn i prosesjon. I Vindafjord finn dåpshandlinga vanlegvis stad tidleg i gudstenesta. Berre førenamnet åt barnet vert nemnt i dåpshandlinga, men det fulle namnet vert lese opp på annan stad i gudstenesta. Dåpsfamilien deltek gjerne med enkle oppgåver, som å bere inn dåpsvatnet og lese bibeltekstar.
Dåpsfamilien, fadrane og heile kyrkjelyden blir minte på kva dåpen er, og seier saman fram truvedkjenninga som me døyper borna til. Ved dåpen takkar ein også for det nye livet og ber for barnet og dei som har omsorg for det. Foreldra og fadrane får eit særleg ansvar for å læra barnet om den kristne trua. Men dei er ikkje åleine om dette. Kyrkjelyden har også del i ansvaret for sitt nye medlem.