Også ungdomar og vaksne som ikkje er døypte som barn er velkomne til å be om å bli døypt i kyrkja. Det er ikkje så uvanleg at unge i konfirmasjonsalderen melder seg til dåp. Dei kan følgje konfirmasjonsundervisninga utan å vere døypt, men må bli døypt før sjølve konfirmasjonen.
Dåp av unge og vaksne kan skje i ei vanleg gudsteneste, men det er også mogeleg å ha eiga dåpsgudsteneste. Uansett vil liturgien vera litt tilpassa at det ikkje er eit lite barn som blir døypt.
Dåp i Den norske kyrkja gir samtidig medlemsskap i denne. Og den som ønskjer å bli medlem i DnK må vera døypt.