Ølen og Bjoa kyrkjelyd


Konfirmantar i Ølen, Ølensvåg og Bjoa

 

 

[BILDETEKST]


KONFIRMANT 2023
Konfirmantåret 2022-2023 har me ein hovudmodell for konfirmanttida i Ølen og Bjoa. Det inneber felles undervisningssamlingar, gudstenestebesøk mm. for alle konfirmantane. Komande vinter satsar me på at det igjen skal vera mogeleg å samlast på konfirmantleir saman med andre konfirmantar i Vindafjord. Og så blir det nokre valfrie grupper. Det blir meir informasjon på innskrivingssamlinga. 

Det blir innskrivingssamling for konfirmantar og føresette tirsdag 14. juni:
Ølen kyrkje - kl. 18.30 - for både Ølen, Ølensvåg og Bjoa.

Du er velkommen til innskrivingssamlinga sjølv om du ikkje heilt har bestemt om du vil melda deg på. Der får du informasjon om opplegget og høve til å spørja om ting du lurer på.

Her vil du etter kvart finna meir informasjon om konfirmantåret 2022-23.

Påmelding til skal gjerast i to delar og blir opna etter innskrivsingssamlinga 14. juni.
PÅMELDINGSFRIST 23/6. Ikkje klart for påmelding enno.

1) På nettet - her:  PÅMELDING SOM KONFIRMANT 22-23

2) På papir her:  Påmeldingsskjema på papir 

Totalt skal konfirmantåret ha ca 60 timar med undervisning og andre typar samlingar, inkludert 8 gudstenester og fordelt på 8 månader. 

Konfirmasjonsdatoar 2023:

Ølen kyrkje: lørdag 29. april og søndag 30. april 2023
Bjoa kyrkje: søndag 7. mai 2023


Lurer du på noko? Ta kontakt med
Kari Vik Stuhaug (prest), kari.vik.stuhaug@vindafjord.kommune.no  
Tlf. 47 25 35 29

 

Tilbake