Her kan du sjå informasjon om kyrkjevalet
Kyrkjevalet 2023
Det er kyrkjeval måndag 11. september 2023 på same tid og stad som kommunevalet. Medlemmer i den norske kyrkja kan røysta ved kyrkjevalet frå det året dei fyller 15 år. Når du brukar røysta (stemma) di, er du med på å forma kyrkja for framtida.
Slik røystar du - fysisk og digitalt
I kyrkjevalet kan du førehandsrøysta digitalt eller fysisk; eller du kan røysta ved oppmøte på sjølve valdagen.
Førehandsrøysting kan du gjera digitalt frå 10. august ved å gå inn på: kyrkjevalet.no, eller ved at du møter opp personleg for å førehandsrøysta, på kyrkjekontoret i Skjold (Skjold kyrkje i Vindafjord). Her er ope for å levera di røyst kvar yrkedag i kontoret si opningstid, frå 10. august. Ta gjerne kontakt på telefon 53655793.
Det blir òg sett opp førehandsrøysting på gudstenester i kyrkjene og ambulerande røysting tysdag til fredag siste veka før valet. Meir info om dette finn du på: vindafjord.kyrkjer.no og ved lokal kunngjering av gudstenestene.
Nedanfor ser du oversikt over kandidatane som er nominerte til dei ulike sokna.
Digital førehandsrøysting
Du kan førehandsrøysta digitalt når og kvar du vil, på nett frå 10. august til og med 6. september 2023. Hugs at det er hemmeleg val, så finn deg ein eigna stad før du røystar! Kyrkjevalet er to val. Val til sokneråd og val til bispedømmeråd og Kirkemøtet. På www.kirken.no/valg/ (lenkja blir opna i nytt vindauge) kan du lesa meir og sjå ein video om korleis du røystar digitalt, men slik går du frem:
Gå til kirkevalget.no og trykk på «Stem digitalt». Logg inn med BankID eller annan elektronisk id.
Du vil få oversikt over kva for val du har røysterett i. Trykk på det valet du ønskjer å røysta i.
Merk av røystesetelen til den lista du vil gi di røyst til og gjer eventuelle endringar på røystesetelen.
Du kan levera røystesetelen utan å gjera endringar, eller endre i samsvar med reglane nedanfor. Kandidatar som står øvst på lista med utheva skrift får «stemmetillegg». Alle andre på lista får ei røyst kvar. Du kan gje inntil tre kandidatar «personstemme» ved å setja merke ved namnet til kandidaten.
Ved val til bispedømmeråd kan du gje di stemme til inntil tre kandidatar frå andre lister.
Ved val til sokneråd med ei liste kan du skriva opp inntil tre valbare personar i soknet.
Sjå over røystesetelen før du stadfestar stemma.
Gjenta prosedyren for å røysta i andre val du har røysterett i.
LISTER TIL SOKNERÅDSVALA i VINDAFJORD 2023
Vikebygd sokn
- Arne Tveit 1962
- Ingrid Mathilde Sørvåg 1959
- Inger Kathrine Sundve 1967
- Dagfrid Nagel-Alne 1965
Ølen og Bjoa sokn
- Gunda Berge 1957
- Bjørn Asgeir Lunde 1970
- Roald Sandsgård 1977
- Sindre Skålnes Sandsgård .2003
- Torunn Hadland Susort 1970
- Elin Thorsen 1964
- Marvel Windsand Åsebø 1955
- Ola Endre Alne 1950
Vats sokn
- Steinar Sørhus 1953
- Malin Eidhammer Krakk 1987
- Iren Eike 1971
- Jan Ove Gjil 1974
- Kjell Sigmund Bakke 1957
- Marit Synnøve Frantsen 1975
- Per Arvid Fatland 1956
Skjold sokn
- Sunniva Tveit Gregersen 1991
- Magnor Eidsheim 1972
- Karianne Dagsland 1989
- Ingrid Tveit 1987
- Ellen Marie Andersen 1987
- Annhild Mortveit Sundfør 1993
- Norleif Fjeldheim 1955
Sandeid sokn
- Tore Tokheim 1961
- Harald Olav Stuhaug 1960
- Inger Synnøve Bakkevoll 1954
- Øystein Helgeland 1953
- Hilde Kvinnesland 1982
- Grethe Hustvedt Lærdal 1965
- Anne Iren Wenche Aarak Reime 1965
- Eirik Stople 1989
- Margun Marit Dåvøy Stople 1964
- Rannveig Obrestad 1985
Vikedal sokn
Til soknerådsvalet i Vikedal har ein enda opp med 6 namn. Det er likevel mogeleg for dei som røystar å leggja til inntil tre namn som dei sjølv føreslår. Dei som får flest namn vert faste medlemmer, deretter kjem namna på varamannsplass. Følgjande namn er sett opp på lista:
- Anders Ledaal Bjørnestad
- Norun Eintveit
- Leiv Øystein Leifsen
- Bjørghild Vetrhus
- Tine Årvik
- Torunn Frøyland
Imsland sokn
Imsland har ikkje lukkast med å setja opp liste, men det vert vanlig røysting og førehandsrøysting ved at ein nyttar blanke lister der kvar som røystar kan føra på tre namn med penn.