TRUSOPPLÆRINGSTILTAK I HAUST


Kva skjer vidare utover hausten? Blir det som vanleg? Me må vera førebudd på raske endringar, men her er oversikt over planlagte aldersbestemte breiddetiltak. Me oppdaterer etter kvart.

 

 

[BILDETEKST]

Dei ulike tiltaka vil få eigne artiklar med påmeldingsinfo her på nettsida. Invitasjonar blir sendt i posten eller delt ut på skulen.

Denne hausten er det særs viktig med påmelding grunna smitteverntiltak.

BABYSONG - kurs i Skjold og Ølen, oppstart veke 36 men det går an å hive seg på seinare. 10 samlingar.
NB - TA KONTAKT med kateket Britt dersom du vil vera med og kursa er fulle. Me må ha mindre grupper enn vanleg grunna smittevern og vil vurdera ekstra grupper dersom pågangen er stor. 

SMÅBARNSSONG for Sandeid, 10 samlingar. Oppstart etter haustferien. (Vikedal og Imsland etter jul, oppstart 14/1 ). 

KRØLLETREFF for 2-åringar. 1 samling i oktober/november. 

HEIME I KYRKJA for 4-åringar. Samling på laurdagen + gudsteneste med utdeling av bok.

26. + 27.sept  VATS
17. + 18.okt    ØLEN
7. + 8.nov       SKJOLD, SANDEID, VIKEBYGD
10. + 11.okt   VIKEDAL

IMSLAND og BJOA har berre utdeling av bok i gudsteneste i år (18.okt Imsland, 29.nov Bjoa). Felles samling med fleire kull i lag kjem eit seinare år.

MEG OG DYRA for 3.klasse. Skjold og Vats samlast på Haugen gard laurdag 17.okt. (Ølen/Ølensvåg hadde samling på Frønsdal gard 27/8.) Andre kyrkjelydar får tilbodet til våren.

HALLOVEN for mellomtrinnet (felles for heile Vindafjord) må dessverre gå ut. Det vil ikkje vera muleg å gjennomføra tiltaket i tråd med gjeldande smittevernreglar. Me håper å få det til igjen i 2021!

LYS VAKEN for 5.klasse. 28.nov. Usikkert om me får til overnatting dette året, men me jobbar for at me uansett skal få ein triveleg laurdagskveld i desse kyrkjene:

Vikedal (felles for Imsland, Vikedal og Sandeid), Ølen, Bjoa (4.+5.kl), Vats, Skjold og Vikebygd

5.KLASSELEIREN på Brandøy i januar må dessverre gå ut MEN me inviterer til
SUPERLAURDAG PÅ BRANDØY 23.januar + gudsteneste i Skjold kyrkje 24.januar for alle 5.klassingane i staden for - meir info kjem.

KONFIRMANTANE har starta samlingane sine. Sjå eiga side om KONFIRMASJON for fleire detaljar

MILK - MiniLeiarKurs for 10.klassingar. Oppstartmøte med meir info for interesserte deltakarar tysdag 22.sept i SKjold kyrkje

 

Følg også med på Facebook: Trusopplæring Vindafjord 

   

Tilbake