Alternativ kyrkjepåske


Leitar du etter digtial påskegudstenestane finn du alt under digital formidling her på nettsida. 

 

[BILDETEKST]

Til og med 11. april er det ikkje lov å samlast til arrangement, korkje inne eller ute.

Det inneber at alle fysiske gudstenester, trusopplæringstiltak og påskevandringar i kyrkjene er avlyste i perioden. Det blir publisert ulike digitale tilbod. Når tiltaket er publisert kan du sjå det når som helst!

Det er også lagt ut påskevandring ved kyrkjene for små og store, som de kan besøka når som helst.

Du kan sjå sendingane her på nettsida eller på kyrkjelydane sine Facebooksider:

  • Den norske kyrkja i Vikedal, Sandeid og Imsland.
  • Kyrkja i Ølen og Bjoa.
  • Skjold - Vats - Vikebygd kyrkje

 

PÅSKEVANDRINGAR

Velkommen til å nytta speidarhytta i Blikrabygda:

  • Litea utstilling og plakatar som minner oss om påskeforteljingane. 
  • Du kan pynta krossen med blomar. 
  • Du kan leggja frå deg det som uroar i form av ein stein under krossen. 

Der er to bålpanner, bord og benker, og hytte med tre vegger til ly for vind og nedbør. Ta med ved, sitjeunderlag, og ei god niste eller grillmat,  så kan dette bli ein minnerik påsketur.

Parkering der skiltet Refsnes står, ved info for "Langs ei å". Fylg vegen mot Refsnes, ca 200 m. Speidarhytta er på høgre sida.
Ver nøye med smittereglane som til ei kvar tid gjeld i kommunen. 
Arrangør: Vats KFUK-KFUM-speidarane og soknerådet i Vats

 

Dette er likevel tillate:

Gravferd med maks 30 til stades.
Vigsel med brureparet, to vitne og prest.
Dåp med barnet, foreldre, to fadrar og prest.
Samtale mellom prest og enkeltpersonar i kyrkja. Då kan det også tildelast nattverd. Ta gjerne kontakt med prest dersom du har ønskje om dette:

  • Sokneprest Tsegayesus Hurisa Hunde tlf. 970 38 011
  • Sokneprest Kari Vik Stuhaug tlf. 472 53 529
  • Vikarprest Torgeir Vea tlf. 982 42 094

 

Avstandskrav: 2 meter.

Tilrådd å bruka munnbind ved avstand mindre enn 1 meter.

 

 

Tilbake