Vindafjord kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Konfirmantane går frå dør til dør i Fasteaksjonen


Konfirmantane i Vindafjord går igjen frå dør til dør og oppmodar til å gi til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid. 

Ta vel imot konfirmantane når dei går rundt for å  samla inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt viktige arbeid for REINT VATN til sårbare menneske.

Det skjer i Ølen, Vågen og Bjoa mandag 4. april frå kl. 17.

I resten av kommunen går dei rundt med bøsser tirsdag 5. april frå kl 17.

Om du ikkje er heime når dei kjem kan du søtta aksjonen slik:  
o Vipps  2426  (det er også mogeleg å vippsa pengar når konfirmanten ringer på døra).

o SMS:  VANN til 2426 (kr 250)

0   Sett inn eit beløp på gåvekontoen til Kirkens Nødhjelp: 1594 22 87493. Merk: FASTEAKSJONEN

o   Betalingsfunksjon på: www.fasteaksjonen.no 

  Gåva di betyr mykje og då er du med på å redda liv. 

Gåver via SMS og VIPPS blir registrert i den kyrkjelyden abonnenten er busett.

Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon handlar om å gi vatn til dei som treng det mest – anten dei er i Malawi, Afghanistan eller Ukraina.

Kirkens Nødhjelp er godt i gang med nødhjelp i og utanfor Ukraina. Dei har lokale samarbeidspartnarar som sørger for at hjelpa kjem dit den skal.

Her kan du sjå og lesa meir om fokuslandet Malawi og kva Kirkens Nødhjelp gjer i det som er eit av verdas fattigaste land.

 

Tilbake