ØLEN KYRKJE 150 ÅR


Program Jubileumsveka 3.-10.november

(foto: Steinar Skartland)

For å markera 150-års jubileet for Ølen kyrkje og fullføringa av det omfattande oppussings- og restaureringsarbeidet på kyrkja, inviterer Ølen og Bjoa sokneråd til ei rekkje arrangement:

Søndag 03.nov kl.19.00           Svein Tindberg:"Som skrevet står"

Tysdag 05.nov kl.19.00            Konsert med Nils Økland og Sigbjørn Apeland

Torsdag 07.nov kl.11.00           Torsdagstreff - Anders Haugland om jubileumsboka

Torsdag 07.nov kl.12.30           Kyrkjehistorie for elevar på Ølen ungdomsskule (DKS)

Torsdag 07.nov kl.19.00          Jubileumsboka, kyrkjehistorier, kveldsbøner og -songar v/ Anders Haugland, Johanne Ø.Tvedten, Guri og Kjell Ravatn

Laurdag 09.nov kl.19.00         Konsert: gospel, lovsong, salmar v/ Prosjektkoret med band, Lilli Mari Vik, Sveinung Bjelland, Roger Hemnes m.fl

Søndag 10.nov kl.11.00          Jubileumsgudsteneste med biskop, prost, barnekor. Helsing frå ordføraren. Kyrkjekaffi

.....................................................................................................................................................

Under finn du meir info om dei ulike arrangementa og linkar for å kjøpa billettar:

 

«Som skrevet står» - ved Svein Tindberg

Ølen kyrkje søndag 3. november kl 19.00.

Dette vert ein kveld med litt glimt i auga, mykje latter i kyrkja, men også reine bibeltekster.

«Som skrevet står» er ei ny framsyning, spesielt tilrettelagt for kyrkjerommet, med høgdepunkt frå Tindbergs tidlegare framsyningar «Apostel-gjerningane», «Markus», «Abrahams barn» og «Gudspartikkelen». Svein Tindberg er skodespela­ren som har levandegjort det kristne evangeliet for fleire hundretusenvis av menneske, og det ved berre å ta i bruk dei bibelske tekstane og sine eigne opplevingar, si leiting, sin tvil og si tru. Han tar også publikum med litt «bak kulis­sane». Du får sjå korleis han som kunstnar og teatermenneske nærmar seg desse tekstane. «Det er lov å leike litt med bibeltekstane og sjå kva som faktisk står», har han uttalt.

Billett kr 400,- TicketCo.no eller i døra dersom ledige plassar.

 

Konsert med Nils Økland og Sigbjørn Apeland

Ølen kyrkje tysdag 5. november kl. 19.00

Sigbjørn Apeland (trøorgel og piano) og Nils Økland (feler) er to markante musikarar som har hatt eit tett samarbeid over eit langt tidsspenn, og har saman skapt ei musikalsk uttrykksform som spenner svært vidt.

Sigbjørn Apeland kom til Ølen som nyut­danna organist i 1988, var tilsett fram til 1992, og hadde ein spennande musikalsk bagasje med seg, med røter både innan tradisjonell klassisk musikk og fri improvisasjonsmusikk. Uvanlege og spennande klangar kunne fylle kyrkjerom­met på konsertar han arrangerte i denne tida. Innsamling av lokal folkemusikk var eit anna felt som står igjen som eit svært verdfullt arbeid som Sigbjørn gjorde. Kyrkeorganist og etnomusikolog-doktor Sigbjørn Apeland har sitt daglege virke ved Griegakademiet, og har medverka på nær 60 plater.

Nils Økland er klassisk utdanna fiolinist, men er og ein særs dyktig utøvar på hardingfele. Han har skapt si eiga, svært personlege uttrykksform der folkemusikk og improvisasjon er viktige element.

Saman har dei utgitt fleire CD-plater med religiøse folketonar frå vårt distrikt som utgangspunkt. Med kombinasjonen trøorgel og fele/hardingfele skaper dei eit klangunivers som er helt deira eige. Den siste plata heiter «Glimmer» og kom ut hausten 2023. Den har med fleire av folketonane som Sigbjørn samla inn frå organisttida si i Ølen. Me håpar å få høyre fleire av desse på konserten.

 (Foto: Tore Sætre)

Billett kr 300,- TicketCo.no eller i døra dersom ledige plassar. 

 

Torsdagstreff - Anders Haugland om historia til Ølen kyrkje
Ølen kyrkje torsdag 7. november kl. 11.00

Haugland gir oss glimt frå kyrkjehistoria i Ølen og presenterer jubileumsboka der han har vore redaktør. Dette skjer i den nyoppussa kyrkja. Etterpå kåseriet flyttar Torsdagstreffet opp til Kyrkjetunet til mat, drøs og allsong som vanleg. Kantor Solveig Johannessen spelar til.

Ingen billett - matpengar på Kyrkjetunet kr 100,-

 

Kyrkjehistorie for elevar på Ølen ungdomsskule
Ølen kyrkje torsdag 7. november kl. 12.30

Jubileumskomitéen samarbeider med «Den kulturelle skulesekken», og på denne måten får dei om lag 150 ungdomsskuleelevane frå Ølen, Ølensvåg og Bjoa si eiga jubile­umsførestilling i skuletida. Forteljar/formidlar Johanne Øvstebø Tvedten saman med skodespelar Bjørn Arve Lunde skreddarsyr ei framsyning for ungdommane. Gjennom levande for­teljingar og dramatiserte episodar får ungdommane innblikk i korleis det var å vera ung i kyrkja og kyrkjelivet i Ølen og bygdene rundt for 150 år sidan. Kantor Solveig Johannessen bidrar med orgelmusikk frå «gamle dagar». Framsyninga bygger på historier i jubileumsboka om Ølen kyrkje og andre skriftlege kjelder frå Sunnhordland.

 

Framsyninga er berre open for skuleelevane.

 

Jubileumsboka, kyrkjehistorier, kveldsbøner og -songar

Ølen kyrkje torsdag 7. november kl. 19.00          

Lokalhistorikar Anders Haugland har vore redaktør for jubileumsboka om Ølen kyrkje, og gir oss eit tilbakeblikk med historier om kyrkjebygg, prestar, folk og kristenliv i Ølen og Vågen. Johanne Øvstebø Tvedten har jobba som forteljar/formidlar både i og utafor Sunnhordland Museum ein mannsalder, og gjer hendingar frå boka og bygda levande for publikum. Guri Ravatn har samla inn kveldsbøner og -songar frå området vårt, og gitt dei ut i bokform. Mannen Kjell har arrangert ein del av songane, og med lesing, song og gitarspel vil paret gi oss ei oppleving av stemninga ved sengekanten i mange heimar i «gamle dagar».

Ingen billett – gratis inngang.

(Anders Haugland, Johanne Ø.Tvedten, Guri og Kjell Ravatn)

 

Konsert: Gospel, lovsong og salmar
Ølen kyrkje laurdag 9. november kl. 19.00

Ein glad kveld der kyrkja blir fylt med kor, band, solistar og musikk for øyre og hjarte! Nok ein gong mobiliserer musikkrefter i det kristne miljøet eit «prosjektkor» med Kari Synnøve Haugen som dirigent saman med fullt band. Nokre kormedlemmer og musikarar har fartstid tilbake til Feedback, men nye og yngre krefter kjem også stadig til (Sjå invitasjon under). Lilli Mari Vik, som er godt kjent frå utallause gospelprosjekt, blir med både som solist for koret og med eigne solosongar. Me får også fleire spennande opptrinn med velkjende krefter som Sveinung Bjelland og Roger Hemnes. Sjølvsagt blir det allsong med både salmeskattar og friske takter, så her kan alle stemma i! Små appellar og helsingar blir servert mellom song og musikk. Bandet som står for godlyd er sett saman av: Anders Lunde, Jan Sverre Frønsdal, Bjørn Asgeir Lunde, Einar Bakke og Arne Tveit. Velkommen til ei musikalsk oppleving av høg kvalitet!

Billett vaksne kr 200, barn kr 100, familie kr 500,- TicketCo.no eller i døra ved dersom ledige plassar.

 

Bli med i prosjektkoret! Alle songglade blir inviterte med i eit begrensa og målretta korprosjekt. Koret vil ha øvingar måndag 14., 21. og 28. oktober samt 4. november kl. 18.00 - 20.00 på Kyrkjetunet i Ølen. I tillegg oppmøte fredag 8. november og sjølvsagt konserten laurdag 9. november. Påmelding til Bjørn Asgeir Lunde tlf 901 55 855. Har du song- eller kormessige spørsmål kan du også kontakta Kari Synnøve Velde Haugen tlf 916 31 987

(Foto av Sveinung Bjelland: Kristian Risanger)

 

Jubileumsgudsteneste

Ølen kyrkje søndag 10. november kl. 11.00

Høgtideleg jubileumsmarkering med familiepreg for å feira at kyrkja vår er 150 år og framstår i ny skrud. Biskop Anne Lise Ådnøy og prost Rune Steensnæs Engedal er med saman med vikarprest i Ølen og Bjoa Sigfred Sørensen og kateket Britt Karstensen. Ved tangentane sit kantor Solveig Johannessen som også vil ha med seg forsongarar. Barnekora Soul Kids og Soul Children deltar med frisk barnesong. Helsing frå ordføraren.

Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi med kakebord i den nyoppussa kyrkja.

Ingen billett – gratis inngang – takkoffer til oppussingsarbeidet

Foto: Steinar Skartland

Tilbake