Jubileumsbok Ølen kyrkje


Jubileumsbok: Ølen kyrkje 150 år, 1874–2024

 

 

 

Historia til Ølen kyrkje er samla mellom to permar til jubileet med lokalhistorikar Anders Haugland som redaktør. Det er blitt ei flott bok på 236 sider, vakkert dekorert og med mange bilete – dei fleste i fargar. Boka inneheld eit rikt utval av ulike artiklar, skrivne av forfattarar med ulik bakgrunn og ståstad. Stoffet er delt inn i elleve hovudkapittel, som avspeglar ulike periodar – kvar med sine særdrag og utfordringar.

 

Her kan me finna mange spen­nande historier, om alt frå det heiden­ske gudehovet og stavkyrkja øvst på haugen til dagens kyrkje nede ved sjøen. Om eit sterkt bygdefolk i den tida kyrkja blei bygd, som protesterte mot både lensmann og prest. Om eit rikt barne- og ungdomsarbeid knytt til Ølen kyrkje frå 1970-talet og i fleire tiår. Og me får lesa om kvinner som frakta med seg rokken til foreinings­møte for misjonen si sak. Boka gir slik eit tidsbilete av folk og kristenliv i Ølen og Vågen gjennom dei siste 150 åra.

 

Med seg i boknemnda har Anders Haugland hatt Kari Vik Stuhaug, Eva Møllerhaug, Leiv Karsten Medhaug, Nils Olav Østrem, Olav Granberg, Guri Ravatn og Torstein Haugen. Boka kan bli ei fin gåve til mange – kanskje til jul? Boka vil bli selt på gudstenester framover og på alle arrangementa i jubileumsveka og på ulike messer og tilstellingar. Den kan også kjøpast på Rådhuset i Ølen og hos Ølen Bok og Papir.  

Tilbake