Kyrkjebladet Hyrdingen vil frå mars 2025 leggja ut artiklar på kyrkja si nettside, i tillegg til fire trykte utgåver.
Kyrkjebladet Hyrdingen har i 67 år kome ut i trykte utgåver til postkassane i eit varierande område, ettersom kommunergrenser og fellesrådområde har endra seg. I dette, det 67. året, vel vi å redusera til 4 utgåver i året:
- Vår-påske (medio februar),
- pinse og konfirmasjonar (primo juni),
- hausten (primo september) og
- advent/jul (ultimo november).
Ofte så skjer det spennande ting i kyrkja vår mellom dei faste utgåvene. Framover så vil vi difor også kunna laga artiklar og presentera dei på det tidspunkt dette er mest aktuelt og på kyrkja si eiga nettside for Vindafjord. Du kan sjølvsagt også framleis lasta ned Hyrdingen som PDF-fil fra arkivet på:
Kyrkjebladet Hyrdingen
Ein annan fordel for med denne endringa er at dei kyrkjelege tilsette (prestar, kateket, trusopplærarar og kyrkjekontoret) legg ut informasjon om det som skjer i kyrkja på denne web-sida, tilbod om deltaking i aktivitetar, og ikkje minst ein oppdatert og digital kalender for gudstenester mm. Dette gjer at både kyrkjebladet og kyrkja si web-side vil vera godt oppdatert og interessant til ei kvar tid.
Velkommen som lesar av kyrkjebladet. Vi vonar også at du som lesar framleis vil støtta arbeidet med å laga og trykka dei faste utgåvene på papir, med å betala inn bladpengar til konto: 3240.11.17937 eller til VIPPS: 531472: