Vindafjord kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Saman i stoltheit og glede


Gratulerer med 900-årsjubileet for kyrkja i Rogaland! Saman feirar vi kva rolle kyrkja har hatt for enkeltmenneske og samfunn opp gjennom århundra i vårt fylke. – Eg håpar jubileet skaper stoltheit og glede, seier biskop Anne Lise Ådnøy.

Biskop Anne Lise Ådnøy ved Tjorakrossane.

Biskop Anne Lise Ådnøy ved Tjorakrossane.

– Jubileumsglede skal som all anna glede bli delt med flest mogeleg! I starten av dette jubileumsåret er eg fylt av glede og takk, fortel Ådnøy. –  Ei festhelg er allereie gjennomført med stil i de to prostia i Stavanger by. Ingen tvil om at kyrkjemedlemmer og innbyggarar har fått med seg det som skjer. Det har vore overveldande stor oppslutning om dei ulike arrangementa.  

Nå gler biskopen seg til å reise rundt i bispedømmet og feira jubileet saman med sokna. Gjennom året skal kvart prosti arrangera ei festhelg med ulike tilbod og møtepunkt som aktualiserer kyrkja i lokalsamfunnet, og Anne Lise Ådnøy blir med på alt saman.

– Eg ser særleg fram til jubileumsgudstenestene i desse festhelgene, og håpar å treffa mange folk frå heile fylket!

– Alle treng å bli sett og invitert inn

«Saman» er overskrifta for kyrkja si jubileumsfeiring, og temaet går som ein raud tråd gjennom alle prosjekta i jubileet.

– Vi treng kvarandre som enkeltmenneske og som samfunn, og vi treng alle å bli møtt som medmenneske. Saman skal vi byggja fellesskap og identitet, seier prosjektleiar for kyrkjejubileet Inger Vagle.

Som ein del av "Saman-satsinga" blir sokna oppfordra til å invitera til gjestebod, der kyrkja inviterer til eit enkelt måltid i samarbeid med lokale aktørar som fotballklubben, frivilligheitssentralen, skulen, kulturskulen eller andre i nærmiljøet.

– Målet er å utvida kjennskapen vårt til lokalmiljøet og senka terskelen for å snakka med kjente og ukjente i nabolaget. Alle treng vi å bli sett og invitert inn i fellesskap, og alle kan vi og vera med å invitera inn. Kanskje akkurat du har lyst å arrangera gjestebod? utfordrar prosjektleiaren.

Jubileumsbåten bind bispedømmet saman

Heilt frå Egersund sitt 400-årsjubileum i pinsen 2023, har kyrkja sin jubileumsbåt reist mellom sokna i bispedømmet. Færingen som blir brukt som stafettpinne er utlånt frå Engøyholmen kystkultursenter. Den har eit segl der kvart sokn kan setja merket sitt på.


Jubileumsbåten i Domkirken, Stavanger

– Takk til alle sokn som har sett sine «segl» på seglet! Nå tek det til å bli fullt, og vi kan sjå det vakre i at vi høyrer saman i kyrkja, seier biskopen.

– Mange gode assosiasjonar kan knytast til å vera i same båt. Også Andens vind blir konkret og synleg i båt-motivet. Takk til misjonærar, vikingar og vår første biskop, Reinald frå Winchester, som delte ordet om Jesus med området vårt. Aller mest takk til Gud for det levande Ordet som gir glede og håp kvar dag, avsluttar Anne Lise Ådnøy.

Les meir

Vil du lesa meir om jubileet og den 900 år lange historia? Gå til: www.kirken.no/jubileum2025

(Tekst og foto: Stavanger bispedømme)

Tilbake