Søndag kveld, 9. mars, samlast omlag 50 representantar frå Skjold, Vats og Vikebygd seg på Arken attmed kyrkja i Vats, til årsmøte for kyrkjesokna.
Kvelden vart denne gongen leiar av Iren Eike, som frå i år av er vald til leiar av det felles soknerådet for Skjold, Vats og Vikebygd.
I slutten av arrangementet kalla ho opp og takka Sunniva Tveit Gregersen, som har vore leiar dei siste fire åra. Først to år for Skjold og Vikebygd, og dei siste to åra for alle tre nabosokna som har gått saman i felles sokneråd. Her sit fire frå Skjold, fire frå Vats og to frå Vikebygd, i tillegg til sokneprest Sigfred Sørensen.
Bilete: Ny leiar Iren Eike takka Sunniva Tveit Gregersen for 4 år som leiar for soknerådet. Ho sit som vanleg soknerådsmedlem ut perioden. (Foto Steinar Skartland)
Sigfred er rett nok ikkje sokneprest for desse tre sokna, men for Ølen og Bjoa. Inntil Elisabeth Fausanger vert ordinert til prest 15. juni, har han ansvaret for sokneråda også i denne ytre del av kommunen.
Sigfred Sørensen hadde både opningsordet i starten av møtet og ein lengre intervju-samtale med Britt Nelly Ness Tveit som både har bak seg over 30 år innan barne- og ungdomsarbeid i kommunen, mange år i soknerådet (også som leiar) og for to år sidan vart innvald i Stavanger bispedømeråd. Slik er ho også representant i Kyrkjemøtet som er kyrkja sitt høgaste organ med folkevalde. Det vart ein interessant samtale der Britt Nelly også fortalde om korleis ho møtte ektemannen Arne og kva som gjev henne inspirasjon i det kyrkjelege arbeidet.

Bilete: Britt Nelly Ness Tveit i samtale med Sigfred Sørensen (Foto: Steinar Skartland)
I årsmøtet fekk representantane frå dei ulike utval og arbeidsgrupper fortelja om sitt arbeid, med eigne ord. Sjølv om dette stod i årsmeldinga, vart dette ein meir levande presentasjon enn om årsmeldinga skulle ha blitt lesen opp. Dei kunne presentera eit godt og allsidig kyrkjeleg arbeid som har sitt utspring i soknerådet sitt mandat. Per Fatland har i denne perioden ansvaret som kasserar og presenterte eit godt rekneskap som han har hatt mykje arbeid med å retta opp. M.a. er inntekter og kostnadar med Arken del av rekneskapen og bles opp tala. Reelt overskott i 2024 meiner han er på omlag 30.000 kr og syner ei økonomisk drift med god styring og kontroll. Sunniva Tveit Gregersen fekk ein kort gjennomgang av resten av årsmeldinga i slutten av møtet og takka alle for god innsats.
Sigfred Sørensen innleia møtet med preiketeksten denne dagen, om Jesus som bad i Getsemane: «Far, om ikkje dette begeret kan gå forbi meg, og eg må tømma det, så lat viljen din råda.» Sigfred gjorde ei samanlikning med då han som ung fiska med agn. Fisken var bortom agnet fleire gonger og let seg til slutt freista. Men inni agnet var ein krok og fisken sat fast. Jesus let seg ikkje freista, slik som ofte kan skje oss menneske, men la alt i Guds hender: «...så lat viljen din råda.»
Sigfred er langt over pensjonsalderen, men ga uttrykk for at det å få gjera teneste i kyrkjene gjev han stor glede. Det er lyst ut på ny stilling som sokneprest i Ølen og Bjoa nå. Så langt er ingen tilsett der. Men i Skjold, Vats og Vikebygd er stor glede over at Elisabeth Fauskanger er tilsett som prest i desse sokna. Til nå har ho studert teologi og held på med praktikum, men 15. juni skal ho saman med Eli Kolstad (Sandeid, Vikedal og Imsland sokn), ordinerast til presteteneste i Vindafjord. Mange gler seg til å få desse i full teneste.
Fellesrådet
Leiar i Fellesrådet, Steinar Sørhus, orienterte også om arbeidet som er på gang i fire fellesråd-område med å vurdera nye samarbeidsløysingar. (Les om dette her). Vidare orienterte han om at kyrkjeverja vår har meldt at han går av med pensjon til hausten, men sluttar i praksis i slutten av juni for å ta ut resten av ferien. Stillinga er lyst ut og ein vonar å kunne tilsetja ny kyrkjeverje med oppstart tidleg i august.
Midt i møtet kunne dei 50 frammøtte nyta ei svært god kyllingsuppe som var laga på Brandøy. Det vart i den samanheng ein god pause rundt maten, der praten gjekk godt rundt borda.
Takk for eit godt gjennomført årsmøte og ikkje minst for godt arbeid gjennom sokneråd og ulike utval som dei har etablert. Det gode arbeidet gjeld også dei tilsette, m.a. innan trusopplæringa.