Gudsrikeleiken


Kom og bli med i leiken - GUDSRIKELEIKEN

 

[BILDETEKST]

Her kjem eit spennande nytt tilbod som heiter Gudsrikeleiken. Det er i første omgang eit trusopplæringstiltak me vil gje til alle 3-åringar i kyrkjelydane Ølen, Vats og Skjold.

Gjennom leik, stillhet, undring og utforsking skal me bli meir kjent med ei bibelforteljing, denne gongen  forteljinga om JESU FØDSEL. Små og store kan hjelpe kvarandre til å undre seg, og kanskje kan me alle forstå litt meir av bibelforteljinga.

Gudsrikeleiken (Godlyplay) er eit godt utprøvd tilbod rundt om i fleire land og har ein eigen metode for å formidle bibelforteljingane. Sjå meir om kva Gudsrikeleiken er på www.godlyplay.no

Her kan du melde på til:

ØLEN torsdag 2.desember

VATS måndag 6.desember

SKJOLD tysdag 7.desember

Alle 3 åringar i dei desse bygdene kan bli med. Har de ikkje fått invitasjon er 3 åringen din likevel velkomen til å vere med, alle som er født i 2018.

Ta gjerne kontakt med Berit Stople, telefon nr 92486743, om noko skulle vere uklart.

Tilbake