Vindafjord kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


LYS VAKEN


LYS VAKEN

"nyttårsfeiring" i kyrkja for 6.klassingar, 28.november-29.november !

 

Visste du at kyrkjeåret startar med 1.søndag i advent?

6.klassingane blir invitert til si kyrkje. Hos oss markerer me dette med LYS VAKEN  - eit opplegg som også er i mange kyrkjer rundt om i heile Norge. Nokre plassar søv dei i kyrkja, andre plassar er det kveldsarrangement.

PS - om de høyrer kyrkjeklokker ringe kl.00.00 natt til 30.november så er det fordi 6.klassingane som overnatter ringer inn det nye kyrkjeåretenlightened

I Vindafjord blir det i år arrangert LYS VAKEN  i desse kyrkjene:

Skjold, Vats, Vikebygd, Sandeid (for Imsland, Vikedal og Sandeid i lag)

Det er ofte mange som ynskjer å vera med på Lys Vaken, uansett om dei høyrer til i den norske kyrkja eller ikkje. Invitasjonar blir difor delt ut til alle på skulane eller på klassesider etter avtale. Om lappen ikkje har komt seg heim i ranselen eller andre ting du lurer på, så kontakt Berit Stople: bs654@kyrkja.no eller Ester L Åsheim: EA872@kyrkja.no

PÅMELDING HER

 

Me treng oversikt for planlegging og innkjøp. I Vats og Skjold er det overnatting så her er me strenge med fristen grunna innmelding til Brann- og redningsentralen med antall personar på overnatting, Dei påmeldte får meir informasjon på epost - viktig at minst ein føresett legg inn epostadresse. 

Me treng og vaksne og foreldre for å få dette til. Det er difor viktig at du som forelder hjelper til der du kan.
 

VELKOMEN!

 

 

Tilbake