Søndag 10. august 2025 kunne kyrkjelyden i Ølen og Bjoa feira at Åse Selsvold vart innsett som ny prest i soknet. Prost Rune Steensnæs Engedal leia innsetjinga i Ølen kyrkje klokka 11 der Lars Dalen las opp tilsetjingsbrevet frå biskop Anne Lise Ådnøy, etterfølgd av forbøn for soknepresten.
Prost Rune Steensnæs Engedal, sokneprest Åse Selsvold, kateket Britt Karstensen og representant for soknet: Lars Dalen. (Foto: Steinar Skartland)

Etter inngangsprosesjon og salmesong tok prost Rune Steensnæs Engedal ordet og uttrykte gled for at det var så mange som deltok i gudstenesta og eit flott sangkor til ære for den sokneprest Åse som skulle innsetjast denne dagen. Det er flott å få koma inn i ei ny krykje på denne måten.

Lars Dalen hadde oppgåva som representant for soknet, å lesa opp kallsbrevet som biskopen hadde sendt:
" Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus. I kraft av tilsynsoppgåva mi gjer eg kjent for dykk alle at Åse Selsvold er vigsla til prest i Den norske Kyrkja og kalla til sokneprest i Haugaland prosti med tenestestad Ølen og Bjoa sokn. Eg gjev Åse Selsvold herved kyrkja sitt brev på at ho er kalla som kyrkjelyden sin prest og set henne inn i den tenesta som er henne tilstedt. Ved si velsigning har Åse Selsvold for Guds andlet og Guds nåde lova å forkynna Guds ord klart og reint, forvalta dei heilage sekramenta etter Kristi skipnad og vår kyrkje si ordning, og rettleia og formana til sann omvending, levande tru på Kristus og heilagt liv i kjærleik til Gud og nesten, og leggja vinn på å leva etter Guds ord og trengja djupare inn i den heilage skriften og den kristne trua. Så ber eg dykk i Jesu namn ta imot Åse Selsvold som dykkar rette kalla prest.La oss ta imot henne i kjærleik, bera henne fram for Gud i våre bønner og stå saman med henne i forsoningstenesta. Og eg er viss på at han som tok til med si gode gjerninga i dykk skal fullføra henne heilt til Jesu Kristi dag.
Guds nåde og fred vere med dykk alle.
Anne Lise Ådnøy, Stavanger 27.6.2025."

Deretter kunne prosten halda fram med å gratulera alle med dagen og etter ein liten tale kalla han fram kateket Britt Karstensen og Lars Dalen til forbøn for soknepresten som knela ved altarringen.
- Sokneprestane er tilsett i Haugaland prosti og slik sett kan eg bruka dei i tenester alle stader i prostiet, sa prost Rune Steensnæs Engedal som leia innsettinga. Men han la til at dei først og fremst vil halda gudsteneste i sokna der dei har sitt primære tenestestad. Prostiet er lokalt inndelt i 3 samarbeidsområde så Åse Selsvold vil nok også ha gudstenester i både Vikebygd og Vikedal, når det er behov for det.
Resten av gudstenesta var det Åse Selsvold som leia gjennom bibeltekstar, preike over dagens tekst, nattverd, salmesong (til musikk av organist Lars Johanes Liknes) og velsigninga. Etter eit flott postludium av Lars Johannes LIknes på flygelet, fekk kyrkjelyden helsa på den nye soknepresten under kyrkjekaffien bak i kyrkja. Men alle vart oppmoda om å stansa igjen litt til då det vart ein sekvens i slutten av samværet med helsingar og gode ord.
Etter gudstenesta hadde prosten ein tale der han m.a. uttrykte glede for at vi har folk på plass i alle prestestillingar nå, og han retta ein takk til alle som i denne siste perioden har stilt opp i vikartenester og hjulpe til på ulike måtar. I Skjold kyrkje 15. juni var det mange som fekk både blomar og takk for tenestene. Denne dagen trekte han fram særleg fram Britt Karstensen som i 2,5 år har vore utleigd i 40 prosent til tenester i bispedømmet.

Prosten nytta høvet til å intervjua Åse litt om kven ho er, for at folk skulle bli meir kjend med henne. M.a. kom det fram at ho ikkje er nokon morgenfugl, men gjerne ligg lenge når ho har fri. Av musikk likar ho å høyra på både orgelmusikk og fløytelåtar. Ho hadde for ei tid sidan kjøpt seg både tussefløyte og altfløyte som ho spelar på sjølv, fortalde ho og la til at ho strikkar mykje. Den grøne stolaen ho bar over prestekjolen hadde ho strikka sjølv, kunne prosten røpa.