Vindafjord kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Fullt hus på to julekonsertar i Skjold 21. desember


Det har vore fullt før òg, så denne gongen arrangerte dei to konsertar same dag. Begge med fullt hus og over 800 selde billettar. Det var berre skryt og gode ord frå dei som kom på konsertane. -Nå er det jul, var ei oppsummering etterpå. Julakoret 2025 hadde øvd spesielt for denne konserten og hadde over 60 deltakarar frå alle delar av Vindafjord.

Fullt hus på konsertane i Skjold kyrkje 21. desember 25

Konserten kunne by på både barnekor, eit stort vaksenkor med 64 songarar, orkester, fleire solistar og dirigentar. Det vart god trøkk i songane som deltakarane la både sitt hjarta og si sjel i, kunne det høyrast ut. Me takkar for ein flott julekonsert.

Det var vel verdt å ta turen til Skjold kyrkje denne søndagen, om ein kom til den første eller den andre konserten same dagen. Like fullt var det begge gonger.  Inngongensdøra lyste vakkert mot dei som kom til kyrkja.

- Me har seldt over 800 billettar og nokre som betalte ved inngongen, fortel Malin Eidhammer Krakk, som også las bibeltekstar mellom artistane. Det var nummererte plassar og dei fleste var utselde i god tid på førehand.

Skjold kyrkje er forholdsvis ny og stor med plass til 400 personar i kyrkjebenkene. Den stod ferdig i 1999. Ei åttekanta kyrkje bygd i mur som kom opp etter brannen i den gamle kyrkja i Skjold. Det var ei trekyrkje frå 1887 med plass til 750 personar. Den nye er ei arbeidskyrkje som også er godt tilrettelagd for konsertar. Engasjerte frivillige har stått på gjennom fleire år for å få på plass både instrument og lydutstyr for denne type arrangement.

 

 


Vi kan vel kalla dei for "kjende artistar", Vendel-Agathe og Vegard Skarland-Hide.
Denne gongen hadde dei også hjelp av gitaristen, Marius Fedje. Dei framførte:
"Heim til deg" (t/m Sigrid Solbakk Raabe / Steve Mac, omsett av Vegard.
Etterfølgd av:
"Når himmelen faller ned" (t/m Anne Grete Paus).
På julaftan kan dei høyrast igjen under gudstenesta i Vikebygd kyrkje kl. 16.00.

 

Marius Fedje er gitarist, og student ved Norges Musikkhøgskule i Oslo. Han er oppvaksen i Etne og gjekk på kulturskulen der i mange år, kor han var innom både rytmisk, og klassisk gitar.

I dag heldt han seg helst til den klassiske gitaren, men også med el-gitar som støtte for andre musikkinnslag.  
(Kjelde: Etne kyrkja/Kulturnatt)

Musikken han framførte under konserten i Skjold kyrkje hadde høg kvalitet, og han var innom: 

-Fransisco Tàrrega - "Prelude i E-dur"
-Miguel Llobet - La filadora" Spinnaren og
"La nit de Nabel" Julenatt
Frå katalandska folkesongar og julesongar tidleg på 1900-talet.


Det deltok også to barnekor, fordelt på kvar sin konsert. 

Barnekoret på den første konserten, Skjold barnekor, framførte fleire fine songar der solistane: Ina, Vilja, Line Eline, Emma og Tuva.  Mellom desse var: "Tenn lys" (t/m: Sigvald Tveit/Eyvind Skeie).
"Julen er her" (t/m Lise Gulbrandsen, Tony Gulbrandsen).

Vindafjord Soul Kids/Children deltok på den andre konserten.
Musikk på keayboard/elpiano til songane stod Ingrid Tveit for.

 


Konserten hadde sitt eige orkester med fem erfarne musikarar, m.a. Ingrid Tveit på El-piano og Arne Tveit på orgel.

Malin Eidhammer Krakk las bibeltekstar mellom artistane. Tekstar som også kom opp på den kvite murveggen. Ho var også ein av dei som ønska velkommen og innleia konserten som forsongar til allsongen:
Det lyser i stille grender av tindrande ljos i kveld.


 

 
Det mangla ikkje på kvalitet, også på lydutstyret der det måtte til heile tre som styrte lyd, lys og lysshow.


Så set vi att med gode minne frå ein julekonsert som skapte julestemning
hjå dei 800 som deltok denne søndags-ettermiddagen i Skjold kyrkje. 

Det var kultutvalet for kyrkja som arrangerte den tradisjonelle julekonserten siste søndag før jul. Nytt av året er at det vart avvikla to konsertar same dag, med tilnærma likt innhald og med nummererte sitjaplassar

Konsertane hadde eit variert innhald, der prosjektet «Julekor» var hovudaktør. Dette koret består av medlemmer frå heile distriktet. dei hadde øvingar i Skjold kyrkje kvar måndag i november og desember fram mot konserten. Sjølv om medlemmene er vanlege songglade folk frå landsbygda, så har fleire av dei utmerka seg gjennom mange år som både solistar og deltakarar i ulike kor og songgrupper i kyrkjene. 

Tilbake