På sjølvaste Valentinsdagen, laurdag 14. februar, var det fem par som vart vigsla i Skjold kyrkje. Mange i staben stilte på jobb denne dagen for å få dette til.
På bileta ser me brudepar Ruth Malin Ingrid Strand og Knut Norheim som nytta høvet til å feira bryllup på Valentinsdagen, 14. februar 2026, i Skjold kyrkje. Eli Kolstad stod for vigslinga av brudeparet. (Tekst og foto: Grethe Halvorsen, kyrkjeverje).
Først var det samtale med prest, og papirarbeidet måtte ordnast. Etterpå var det ein fin seremoni, med orgelmusikk og enkelte andre musikkinnslag. Nokre brudepar hadde med seg gjester, nokre kom åleine, berre med borna sine. Nokre vigsler var òg hemmelege!.
Etterpå var det tilbod om marsipankake og kaffi til alle.
Mange i staben stilte på jobb denne dagen. Me hadde frivillige som ordna med maten, og nokre måka utanfor. Til saman blei det ei god oppleving for dei som kom til kyrkja denne dagen, i eit veldig snøkaos!
Inne var kyrkja i Skjold pynta til brudlaupsfeiring og hjarteforma ballongar møtte dei som kom for å feira i kyrkja.

På bileta ser me brudepar Ruth Malin Ingrid Strand og Knut Norheim som vert vigde av sokneprest Eli Kolstad. Dei hadde med seg borna sine og den næraste familien i kyrkja.