Vindafjord kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Nye gravplassvedtekter


Det er blitt laga nye gravplassvedtekter for gravplassane i Vindafjord kommune.

Desse skal ut på høyring før dei kan vedtakast i Fellesrådet. 

Vindafjord kyrkjelege fellesråd er lokal gravplassmyndigheit i kommunen. Dei har ansvar for gravplassane og gir service og hjelp til alle innbyggjarane i kommunen på dette området. Dei skal og fastsette vedtekter for gravplassane i kommunen.

Nå er det blitt laga nye forskrifter om gravplassvedtekter for Vindafjord kommune. Dei gamle var frå 2005. Dei nye vedtektene er utforma etter anbefalt mal frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Det er denne instansen som er nasjonal myndigheit for gravplassområdet.

Det er komme inn eit par endringar frå dei gamle forskriftene:

§ 4: Fredingstida for felt A på Skjold gravplass ved kyrkja er auka til 30 år. Dei som dette gjeld har fått beskjed.

§5: Vikedal nye gravplass, gravfelt C, er stengt for kistegravlegging. Festegrav som ikkje er teke i bruk for kistegravlegging tidlegare, kan likevel nyttast til reservert gravlegging. Dei som dette gjeld har fått eige brev.

I dei nye vedtektene er det og teke med vedtekter for Namna Minnelund , §11, slik at dei er klare når me får etablert dette.

Heile dokumentet kan du lese her.

I følgje saksgongen skal forskriftene ut på høyring før dei kan vedtakast i Fellesrådet.

Høyringsfrista er på 6 veker.

Innspel kan sendast på e-post til kyrkjekontoret:  post.vindafjord@kyrkja.no

Tilbake