FELLES INSPIRASJONSSAMLING


FUT (Felles utval for trusopplæring) inviterer til 
INSPIRASJONSSAMLING 17/09 kl.19-22 på Kyrkjetunet i Ølen.

DU KAN MELDE DEG PÅ HER

 

[BILDETEKST]

Me inviterer også dette året til samling for alle som driv med kristent arbeid for born og unge, medlemmer i sokneråda og elles alle i Vindafjord som er opptatt av at dei komande slekter skal få opplæring i trua på Den Treeinige Gud.

Det er fint å kunne møtast mange i lag for å inspirera kvarandre og sjå at me står saman i å byggja Guds rike.

Tema dette året: INKLUDERING OG TILRETTELEGGING

"Allemed"-koordinator i Vindafjord Barbro Ringstad, med lang fartstid frå Bymisjonen i Haugesund, utfordrar oss og gir tips til inkludering og tilrettelegging i arbeidet vårt.

Me får høyra frå arbeidet til Speidarane i Vats og Inernasjonalt treffpunkt i Ølen med utgangspunkt i temaet. 

Me skal dela idear og utfordringar - og få mat for kropp og sjel.

Me skal INSPIRERA KVARANDRE og LØFTA KVARANDRE OPP!

Det blir utdeling av TRUSOPPLÆRINGSPRISEN også dette året. Me gler oss stort til å dele ut prisen til nokon som fortener ein honnør for det frivillige arbeidet dei gjer/har gjort!

Pga smittevernreglar med begrensing av antal deltakarar + servering av mat må me ha  PÅMELDING seinast TYSDAG 15/09 

VELKOMEN!!!

 

Tilbake