MILK


10.klassing til hausten?
Bli med på
MILK smiley

 

[BILDETEKST]

 

Konfirmasjonane blei utsette dette året, men me satsar på å starte opp nytt MILK kurs til hausten likevel.

MILK står for Mini Leiar Kurs og er berekna på dei som nettopp er konfirmerte.

Kurset er felles for Vindafjord og Etne. Det blir nokre kveldssamlingar, ein helgetur og leiarpraksis utifrå deltakarane sine interesser. I Vindafjord har me god erfaring med å ha med MILKarane som ungdomsleiarar på 5.klasseleiren på Brandøy. 

Meir konkret info kjem etter sommarferien, men veit du allereie no at dette er noko du kan vera interessert i å vita meir om eller bli med på, så meld di interesse her  så snakkast me etter ferien.

Me håpar på å få med deltakarar frå alle kyrkjelydane i Vindafjord- klarar me det?

GOD SOMMAR og lukke til med førebuingane til konfirmasjonen!

 

 

 

Tilbake