Vindafjord kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


BABYSONG


Hei alle som har baby i huset, velkomen på Babysong!

Påmelding til haustkursa er no open.
NYTT I ÅR: -I haust blir det også ei Babysong-gruppe i Sandeid leia av Eli, prest i Sandeid, Vikedal og Imsland.smiley

Elles: Me byter vekedag i Skjold frå måndag til torsdag.

 

 

Kyrkjelydane i Vindafjord arrangerer fleire kurs i BABYSONG i året.

Det er haustkurs i både Ølen, Sandeid og Skjold med oppstart i aug/sept.

Vinterkurs i Ølen med oppstart i januar, og vårkurs i Skjold med oppstart i februar/mars ( + dersom interesse: kanskje også eit vinter/vårkurs i Sandeid)

Kvart kurs er på ca.10 samlingar, stort sett ei samling kvar veke.
Babyar i alderen 0-12 mnd er velkomne, men opplegget passar nok best for dei mellom 2-10 mnd.
Me lagar lokale Messengergrupper for kommunikasjon undervegs.
Babysong kostar kr.500,- (kr.300,- ved start etter halvgått kurs). Sjå eigen artikkel for evt betalingsfritak.

PS - det går an å bli med av og til også, om det passar betre enn å bli med på heile kurset. Fint om alle som er interesserte melder seg på uansett (det går an å skrive ting i kommentarfeltet) så får me ut informasjon til alle som vil bli med på ein god måte.

Meir info finn du i brosjyren

Stadar og datoar :

ØLEN - tysdagar kl.10.30 - 12.00 på Kyrkjetunet (kjellaren)

SKJOLD - torsdagar kl.10.30-12.00 i Skjold kyrkje (hovudetasjen) 

SANDEID - torsdagar kl.10.30-12.00 i Sandeid kyrkje 

 

NB: Alle kursa er opne for deltakarar frå alle bygdene i Vindafjord.


PÅMELDING TIL ALLE KURS HER

ER KURSET DU VIL VERA MED PÅ FULLT?

Velg gruppa "venteliste" eller meld di interesse til kateket Britt så ser me kva me kan få til. Me er opne for å starte ei ekstra gruppe dersom det er stor pågang.

 

DU FÅR BEKREFTING PÅ EPOST NÅR PÅMELDINGA ER REGISTRERT - om du ikkje får bekrefting, så meld på om igjen eller kontakt kateket Britt: britt.karstensen@vindafjord.kommune.no

 

VELKOMENsmiley

 

 

 

Tilbake