Vigsel


Velkomen til vigsel i kyrkjene i Vindafjord!
Å lova og elska kvarandre i gode og onde dagar resten av livet.

I kyrkjene i Vindafjord gjennomfører vi vigslar som planlagt og på forespurnader, med dei begrensningane som blir lagt frå myndigheitene av omsyn til sårbare grupper i samband med coronaviruset.

Kyrkja i Vindafjord vil gjerne legge til rette for at inngangen i ekteskapet skal bli ei god oppleving for brureparet, familie og venner. Hugs at det er fleire måtar å gjera det på, også i kyrkja. Det kan like gjerne vere enkelt med berre brurepar og forlovarar som med mange gjester og orgelbrus. Ta kontakt med den lokale presten om du vil diskutera rammene for dykkar vigsle. Det er også mogeleg å forrette vigsel ute i det fri, på ein stad som Biskopen har godkjent.

Både kyrkjekontoret (5365 5793) og prestekontora har oversikt over kva kyrkjer og tidspunkt som er ledige for vigsel i heile Vindafjord. Normalt kan ein ha vigsel kl. 14 eller 16. på laurdagar. Avtale om dato kan gjerast i god tid på førehand. 

Før ein giftar seg må ein ha attest frå Folkeregisteret/Skatteetaten om at det ikkje er noko juridisk til hinder for ekteskapsinngåinga. Denne attesten skal ikkje vera meir enn tre månader gammal ved ekteskapsinngåinga. Ein søkjer på nettet: http://www.skatteetaten.no/no/Person/Folkeregister/Ekteskap-og-samliv/Ekteskap

Medlemmer i Den norske kyrkja heimehøyrande i Vindafjord betaler ikkje for bruk av kyrkja, eller for prest, organist og kyrkjetenar. Prestane i kommunen har ansvaret for vigslar i kvar sine veker. 

Presten som skal forretta ønskjer å snakka med brureparet før vigsla. Ei vigsel er ei kyrkjeleg handling med gudstenestleg karakter. Nokre element ligg faste, mens mange ledd kan gjerast på ulike måtar. Det er ein fordel om brureparet er med på å avgjera utforminga av den kyrkjelege handlinga. For å drøfta ting før vigselsamtalen kan ein snakka med presten som skal forretta, eller med sin lokale prest (Ølen og Bjoa: Tlf. 472 53 529; Imsland, Vikedal og Sandeid: Tlf. 970 38 011; Vats, Skjold og Vikebygd: Tlf. 905 23 560) 

For medlemmer av Den norske kyrkja heimehøyrande i Vindafjord kostar det ikkje noko å gifta seg i kyrkja. Dette er inkludert: Kyrkjetenar, organist og prest. I kyrkja er det lys på altaret. Brureparet syter for blomar. 

Minst ein av partane skal vera medlem av Den norske kyrkja. Medlemmer av andre kristne trussamfunn kan avtala med kyrkjekontoret å låna ei av kyrkjene til vigsel. 


Kontakt kyrkjekontoret i Vindafjord for å avtale vigsel:

Tlf. 53 65 57 93
E-post: post.kyrkja@vindafjord.kommune.no


Organistane i Vindafjord har laga dette forslaget til bryllupsmarsjar. Dei kan nyttast til inngang eller utgang etter avtale med organisten. 

Organistane kan også spela andre stykke, då må det avtalast i god tid.

Merk at det kan vera organistvikar som ikkje spelar alle desse stykka.


R. Wagner: Brudemarsj (Wedding March) frå «Lohengrin»

F. Mendelssohn: Bryllupsmarsj frå “En midtsommernatts drøm”

J. Pachelbel: Canon in D

Jeremiah Clarke: Trumpet Voluntary

Henry Purcell: Trumpet Tune

Jan Magne Førde: Bruremarsj

Richard Nordraak: Purpose

Brureslått frå Øre

Bruremarsj frå Lødingen

Bruremarsj frå Seljord

Bruremarsj frå Sirdal

Bryllupsmarsj  frå Delsbo