Kom og bli med på Brubyggjaren i kyrkja!
Er du nysgjerrig? Liker du å byggja med LEGO?
Visste du at Jesus lagde ei heilt spesiell og usynleg bru?
Det blir tre samlingar der me høyrer og opplever forteljingane om PÅSKEN, KRISTI HIMMELFARTSDAG og PINSEN.
I Vikedal får dei også bli med på gudstenesta på pinsedag.
Me skal eta frukt, laga ting, syngja og byggja med LEGO! Alle får ei bok om korleis dei første venene til Jesus fortalte vidare om alt det Jesus hadde lært dei "Historia om apostlane"
Det er litt ulike årskull som blir invitert i dei ulike bygdene. Du kan sjå dette i invitasjonen - les gjerne invitasjonane her for alle bygdene som skal ha samlingar dette året. Me deler også ut invitasjonar på nokon av skulane:
VIKEDAL
SKJOLD
VATS
Litt usikkert korleis det blir i Ølen, meir info kjem etterkvart
Brubyggjaren kostar kr.100,- Betaling på VIPPS 539920 (merk Brubyggjar og namn på deltakar) - men det går an å be om betalingsfritak: SJÅ HER
HÅPAR ME SER DEG - HUGS PÅMELDING!