Vindafjord kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Supersong Sandeid


SUPERSONG på Sandeid bedehus for 3-5 åringar

Kom og bli med på SUPERSONG! For alle ungar frå 3 - 5 år i Sandeid som likar å syngje, spele og danse. Me skal ha 5 samlingar der me skal leike oss med song og dans og spele på rytmeinstrument. Me skal syngje litt kjente songar og lære litt fleire nye songar.

Supersong er ein del av kyrkjeleg undervisning og læring i Vindafjord. Me sender invitasjon til dei me har adresser til. Alle andre 3-5 år er også velkomen til å bli med! Det er Berit Stople som skal ha samlingane.

MELD PÅ HER

Tid og stad: Tysdagar kl. 17:15 - 18:15 på Sandeid bedehus - 27.okt., 3.nov., 10.nov., 17.nov., 24.nov.

Supersong kostar 100,- kr. Betal når du melder på

Det går fint å be om betalingsfritak. SJÅ MEIR INFO HER

Ta gjerne kontakt om noko er uklart til Berit på tlf. 92486743

Du kan lese INVITASJONEN HER 

Tilbake