Småbarnssong


Alle gutar og jenter i Vikedal som er født i 2017 kan bli med og syngje, spele, leike og danse på bedehuset i Vikedal.

PÅMELDING HER

 

[BILDETEKST]

Småbarnssong er trusopplæring for dei som er født i 2017 i Vikedal. Invitasjon er sendt til alle frå Vikedal me har i listene våre. Alle, sjølv om dei ikkje er i listene våre, kan få vere med! Borna har med seg ein vaksen.

Me skal ha 5 samlingar der me skal leike oss med song og dans og spele på rytmeinstrument. Me skal syngje nokon kjente songar og lære ein del nye songar.

Me tek omsyn til koronapandemien. Derfor er det berre born frå Vikedal som kan vere med på desse samlingane denne gongen. Dette året får borna samlast i ein ring på golvet medan dei vaksne sit på stolar langs veggen og ser på.

Alle som vil vere med må melde seg på innan 2.mai. Sjå påmeldingslinken.

Datoane for samling er:

4.mai, 11.mai, 25.mai, 1.juni og 8.juni

kl. 17:15 - 18:15

Småbarnssong kostar 150,- kr. Det er muleg å be om betalingsfritak. Sjå meir info her på kyrkja si nettside

Om barnet ditt ikkje har fått invitasjon i posten så kan du LESE DEN HER

Ta gjerne kontakt om noko er uklart til Berit Stople

e-post berit.stople@vindafjord.kommune.no eller tlf. 92486743

Tilbake