DEN STORE SKATTEJAKTA er eit opplegg for alle førsteklassingane i Vindafjord.
Kyrkjene er eigentleg fulle av skattar, og på samlingane skal me leita etter nokre av dei.
Kanskje finn me skattar i kyrkjene som me ikkje visste om.....og kva er ein skatt eigentleg? Finns det skattar i Bibelen? Kan folk vera skattar? Dette skal me undersøkje! Me skal oppleve forteljingar frå Bibelen og kanskje læra nokre nye songar. Me skal laga fine ting sjølv og me skal eta litt enkel mat i lag.
Det blir 4 samlingar (OBS: kun 3 i Ølen og Bjoa kyrkjer i år) og ei Gudsteneste. Alle skal få ei spennande bok. Alt foregår i kyrkjene.
Dei minste kyrkjelydane har opplegg anna eller tredje kvart år for fleire klassetrinn. Dette skuleåret blir det skattejakt i alle kyrkjene utanom Vikebygd, Vikedal og Imsland.
Her finn du linkar til invitasjonane dersom du ikkje har fått.
Håpar du vil vera med!
Invitasjon Vats
Invitasjon Skjold
Invitasjon Sandeid
Invitasjon Bjoa
Invitasjon Ølen
Kontakt kateket Britt dersom du lurer på noko.
Velkomen til skattejakt!