Det har vorte ein god tradisjon at det i kyrkjene v ert halde både julekonsertar og mange gudstenester med musikkinnslag. I Vindafjord er det også mange dyktige songarar og musikkarar som villig stiller opp for å gle folket lokalt, og skape glede og julestemning. Her har vi samla bilete frå nokre av dei arrangementa som har vore.
Julekoret i Skjold kyrkje 21. desember 2025
Sjå fleire bilete og tekst om julekonsertane i Skjold på denne lenka
Konsert på Arken 21. november

(Lenke) Foto Steinar Sørhus
Kyrkjekonsertar med Lars Bernhardt og Leif Jone Ølberg
(Foto Egil Larsen, Hyrdingen)

Kyrkjene i Vats, Bjoa og Imsland fekk storfint besøk i desember. Leif Jone Ølberg kom på juleturné.
Med sin varme og kraftfulle stemme traff han publikum rett i hjarta, og med konserten Sæle Jolekveld inviterte han publikum til ein musikalsk time prega av glede, høgtid og nærheit.
Årets konsertar i Vindafjord hadde tittelen «Sæle Jolekveld», og baud på ei vakker blanding av klassisk julemusikk, kjente, men sjeldnare framførte julesongar, og nokre nyare innslag. Den folkekjære: "O helga natt" vart eit av høgdepunkta på kyrkjekonsertane i Vats (8.12.), Bjoa (14.12.) og Imsland (14.12.).
Leif Jone Ølberg har si utdanning frå Stavanger, London og Operaakademiet i København, og har omfattande internasjonal erfaring frå både opera og konsertsal. Han har vore solist ved "Den Jyske Opera" og "Den Kongelige Opera" i København, kor han har sunge store operaroller, og er ein mykje brukt solist i oratorium av Bach og Händel. Dei siste åra har Leif Jone blitt engasjert av den norsk-kenyanske songaren, Rhoda Wilhelmsen, til å vera med og bidra med å byggja opp eit klassisk musikkmiljø i Nairobi. Der har han undervist kenyanske songarar, sunge rollar i afrikanske operaer, og delteke i konserter og kyrkjemusikkprosjekt.
I Vindafjord hadde han konsertar saman med far sin, Lars Bernhardt, som både er prest, organist og pianist. Saman har dei gjennomført ei rekkje turnéar over heile landet, og i desember ein advents- og juleturné frå nord til sør i Rogaland.
Alle Helgenmesse i Ølen 2.12.2025
(Foto Kjell Sigmund Bakke)

Kor med lokale songarar under leiing av kantor Solveig Meling Johannessen.

Musikk av lokalt orkester med hornmusikk.
Lysmesser i kyrkjene
...med konfirmantar og speidarar.

Lysmesse i Vikebygd kyrkje 30. november. Foto Steinar Skartland

Konfirmantar kjem inn med lys i Vats kyrkje 7. desember. Foto Kjell S. Bakke