SUPERSONG - song og leik for 3-5 åringar.
Les meir og husk å melde på
Kom og bli med på SUPERSONG! For alle ungar frå 3 - 5 år i Vikedal og Imsland som likar å syngje, spele og danse. Me skal ha 5 samlingar der me skal leike oss med song og dans og spele på rytmeinstrument.
SUPERSONG er ein del av kyrkjeleg undervisning og læring i Vindafjord. Det vert sendt ut invitasjon til alle 3 åringane som er døypte og dei som har vore med på samlingar tidlegare. Men alle 3 - 5 åringar er likevel velkomne til å bli med. Berre inviter med fleire om du vil. Det er Berit Stople som skal ha samlingane.
Datoane for samling er:
22.okt, 29.okt, 5.nov, 12.nov, 19.nov.
kl. 17:15 - 18:15
Supersong kostar 100,- kr. Betal med Vipps nr 539920 og merk med Supersong og fullt namn på deltakar.
Me vil gjerne at alle skal få bli med! Ver ikkje redd for å melde på sjølv om det skulle vere vanskeleg med betaling i denne tida. Det går fint å be om betalingsfritak. SJÅ MEIR INFO HER
Ta gjerne kontakt om noko er uklart til Berit, tlf. 92486743
LES GJERNE INVITASJONEN HER